Mange fatale, hysteriske og dumme avgjerelsar går ut på at «ein skal berre». Som mange, har eg sjølv store, korte og lengre episodar bak meg og mest sansynleg mange fleire foran meg når ein skal berre. Foto: Moa Hundseid

11 - «eg skal berre»

Mange fatale, hysteriske og dumme avgjerelsar går ut på at «ein skal berre». Som mange, har eg sjølv store, korte og lengre episodar bak meg og mest sansynleg mange fleire foran meg når ein skal berre.

 

Om litt får du innføringa i ein av mange av mine «skal berre» episodar. Det er nesten litt mørkt opplegg heile greia, og eg tok meg nesten i skinnet for å syns synd på meg sjølv. Det er ikkje til å grina av men alikavel ei lekse å lere av det. Nynorsk på tastaturet og here we go! Og forresten så har Break a leg gitt ny meining til livet!

Mars deilige mars, endelig kjem våren. Tida med lyng i reva, skiskoa høgt i snøfonnene og eit hundaliv foran sleden. Heile våren var corona prega, altså alle utenlandsreiser aaaaaaaaavlyst, endringar i planar og tilpassningsdyktighetscellene i kroppen har fått kjørt seg i eit år i forveien. Uansett venta våren på meg på hardangervidda. Eg skulle guide enkelte grupper, kjente og ukjente store smil over viddene. Reinsdyr, fjellrev og solbrune kinn sko spegla seg på ski gjennom mil med hunderomper i front. 
Avreise var fylt med MSR telt i baggen, brennerar som tålte kalde blå og ein vinternatt før skulle varme frokost, lunsj og middag. Liggeunderlag for deilige netter i telt som klang i svansen «rest better, play better»


Tidleg morgen på vesten av landet. Hundar var full av energi før dei skulle lastast på planen og tilbringa veker på snøkledde vidder. 
Alt va pakka av mat, Utstyr, pulkar, ull frå topp til tå, sovepåsar og ja du vett. Og her komme inn den kjente kjente men skumle skumle sitatet «EG SKAL BERRE» 

Eg skal berre lufta hundane før avreise og mange timar i bil. Eg stiller opp firhulardoningen min som er mortorlaus, og eit hint av dårlige bremser er montert. Eg selar opp 8 polarhundar med lyst til å springe sjela av seg. Eg set først to i front og følg på vidare ned mot vogna for å ferdigstille eit 8 spann på barmark. Ja du veit snøen smeltar ofte litt tidleg i vest, dessverre. Så barmarksvogna uten motor med litt dårlige bremser blir tatt i bruk. Eg stillar meg på vogna, klar for å sleppe eiergibuntane i fri dans nedover bakkane og vidare inn på vegen for å sleppa galskapen laus og komme atte med sinnet i behold og klar for rolige timar i bil for nye eventyr i vente. Lange dagar på ski, gode historiar i telta og endelig få vara ilag igjen etter ein lang periode med motstraums med covid, begrensingar og nedsteningar mot store planar og drømmar i grus. Ein tenkte livet var på ny vending og klar for leve det livet ein hadde blitt begrensa mot i så mange månedar! Første sving til høgre svingar hundane motvillig frå mi stemme rett til venstre, set firhjulardoningen på høykant og eg dengar heile foten og min tunge kropp mot asfalten. Leggen knekk tvers av. Eg held fast i vogna og hundane galoperar vidare. Eg får eit voldsomt rykk. Og fyk til værs også rett i grøfta. Knekt var foten med stor sikkerhet ettersom eg såg den stod som ein L i været.

Hundane for sin veg med vogn og vet vidare ned i vegen. Eg låg i grøfta og med ambulanse på veg. Sannsynlegvis 3 månedar med krykker og med sikkerhet ikkje tilbringa heile våren på vidda. Ein så liten avgjerelse som skal berre fort ut å lufta hundane satte meg tilbake med full funksjonell fot i eit år. 365 dagar.

Neste gong du tenke du skal berre, tenk etter og gjer nødvendige forberedelsar. Det som blir komisk med eit slikt opplegg er at det skjer rett utafor oppkjørselen der ein bur. Eg har reist rundt i verden dei 10 siste årå, i verdens krør og krokar, og har beholdt armar og bein intakt. Også er ein lokalt stasjonert over ei tid og endar med å knekke foten rett utenfor dørene hima. Alt grunna ned til ein tar ofte for lett på krefter som ligg nermare hima fordi ein veit veien til hjelp er lettare og mindre risiko står på spel. 

Over og ut. God jul. Og verdens største jubel for nye eventyr! 

Moa Hundseid